Til toppen

Optima Produkter AS

Optima Produkter AS er ei familiebedrift som har eksistert sidan 1997. Gründer og veterinær Magne Skjervheim jobba med forsking og utvikling av produkt basert på organiske syrer sidan 1984. Han døde i 2017. Optima Produkter AS held til i Norheimsund i Hardanger og alle produkta vert produsert her. Optima Produkter AS produserer produkt etter økologiske prinsipp. Hudvask og hudpleie for folk og dyr og reinhaldsprodukt.

Det økologiske prinsippet i Optima-konseptet går kort ut på at: Låg pH og bruk av organiske syrer styrer bakterieveksten bort frå dei skadelege sjukdomsframkallande bakteriane og sopp, og favoriserer den gode floraen. Dei gode bakteriane er viktige for immunsystemet, hud og slimhinner. Bruk av antibiotika og desinfeksjon motarbeider naturen. Det gjer også bruk av såper og vaskemidlar med høg pH. Alt dette endrar bakteriefloraen i ugunstig retning, og det kan medverka til utvikling av hud plager, og gjera dei verre.  Å redusera forbruket av antibiotika, desinfeksjon, og såper med høg pH er svært viktig. Bruk av Optima kan spela ei viktig rolle i dette arbeidet.

Hippokrates – «legekunstens far» - og den kanskje mest betydningsfulle personen i medisinens historie sa: «Naturen skal kun hjelpes for at dens egen kraft skal virke!» Det er også tanken bak Optima-konseptet. Hjelp huda til å reparere seg sjølv. Dette gjeld både for folk og dyr.

Optimakonseptet

  • Alle Optimaprodukta har pH 4: Hud i balanse har låg pH (4-6), rikeleg med feittstoff og ein solid normalflora. pH 4 i Optima er viktig for å halda vedlike denne balansen og reparera hud som er i ubalanse. Organiske syrer er viktige ingrediensar for å oppnå dette.
  • Hemmande effekt på skadelege bakteriar og sopp i Optima skriv seg frå innhaldet av organiske syrer. Dette er syrer som finst i naturen og i mange nyttige matvarer. Eddik, sitroner, tranebær, tyttebær, molter og rognebær er slike produkt. Det fine med desse syrene er at dei ikkje skadar dei nyttige bakteriane.
  • Alginat er ein viktig ingrediens. Optima er einaste hudpleieserien som inneheld alginat som blir produsert frå tang og tare. Alginat er ein kjent ingrediens i spesialbandasjar for sårheling.
  • Resultatet blir unike produkt som forsterkar huda sine eigne forsvarsmekanismar, bl.a. ved at hudvaskeprodukta ikkje fjernar feitt frå hud og hår. Sjampoar og såper med høg pH fjernar feitt frå huda. Det er svært skadeleg både for folk og dyr. Ved pH under 4,5, og i nærvær av organiske syrer, får skadelege bakteriar problem med og overleva, mens den nyttige normalfloraen blir lite påverka.
Sorter etter: